Snarveier til viktige sider
Midt-Telemarksamarbeidet
Samarbeid Nome kommuneBø kommuneSauherad kommuneMidt-Telemarkrådet
Interkommunalt samarbeid
Kultursider
Andre tjenester på nett
Nytt fra NRK Telemark
I løpet av kort tid er fire mc-førere drept i trafikken i Telemark.
Smarte tips til de vanskelig flekkene.
Lav inngangsbillett og små månedlige utgifter for en splitter ny bil kan virke forlokkende for mange unge.
Bø sjukeheim
Ingunn E. Vreim

Ingunn Espesett Vreim,
einingsleiar ved Bø sjukeheim

Besøksadresse: Gamleveg 43, 3800 Bø i Telemark
Telefon: 35059000

Ein oversikt over tenester til deg fra Bø sjukeheim finn du ved å klikke her.

Bø sjukeheim er ei somatisk langtidsavdeling. Det betyr at dei som får plass ved avdelinga som regel blir buande her livet ut. Dei som får plass vurderast ut i frå følgjande kriterier:
- evna til sjølv å ta til seg næring
- personleg hygiene
- mobilitet
- søvn og kvile
- om vedkomande sjøl klarar sine toalettbesøk
- klarar vedkomande å ta sine medisiner på forsvarleg måte?
- psykisk helse
- har brukaren god nok hjelp frå familie eller andre som ynskjer å  hjelpe?
- Har det blitt nøye vurdera om heimesjukepleie ville vore eit betre tilbod, og som ville gje brukaren den tryggleio som er naudsynt?

Skjerma avdeling
Dei som får tildela plass ved skjerma avdeling skal ha blitt vurdera av lege, og gjennomgått testar som konkluderar med at vedkommande brukar er senil dement. Denne avdelinga jobbar ut i frå prinsippet som skal gje den aktuelle brukargruppa trygge omgivader. Det er difor viktig at ein gjer tilbodet om plass til dei ein trur vil ha best nytte av nettopp denne plassen ved den skjerma avdelinga. Kriteria ellers for å få plass er i stor grad dei same som ved den vanlege sjukeheimsavdelinga, med unntak for at bebuarar ved skjerma avdeling i størst mogleg grad skal vera mobile, og ikkje totalt pleietrengande.

Dagsenteret for eldre
Som for alle dei andre tenestene vi kan tilby, blir også plass ved dagsenteret tildela via tiltaksteamet. Kriteria for plass er i fyrste rekke at søkar vil ha nytte av eit aktivitetstilbod på dagtid. Ofte dreier dette seg om brukarar som bur åleine, og der plass ved dagsenteret er den beste måten for dei å ha samkvem med andre i tilsvarande situasjon. Dagsenteret har ope frå mandag til og med fredag frå kl. 9.30 til kl. 14.00. Dei som har behov for det, vil bli henta og køyrd heim att med sjukeheimsbussen.

Vi har mange ulike aktivitetar som snekkerverkstad, måling, brodering/sauming, bingo. Det viktigaste er for øvrig at vi har ein plass der dei eldre kan møtast. Torsdag er spesiell. Då er det ”Torsdagstreff”. Alle eldre i kommunen er då velkomne til underhaldning av variera art. Litt å bite i vankar det også.

Institusjonskjøkkenet
Sjukeheimskjøkkenet lagar all mat som vi brukar i våre avdelingar. Maten dei lagar er svært god, noko som blir stadfesta av alle våre fornøgde brukarar. I tillegg lagar dei også maten som vert tilbydd til heimebuande via matutkøyring. Det er etter kvart mange som har dette tilbodet, og det ser ut til at brukarane av tenesta set pris på det.

Du kan ikkje ringe kjøkkenet for å bestille mat på utkøyring. Du må søke om det på vanleg måte. Slik vil du bli vurdera på line med andre søkarar ut i frå behov, og vår kapasitet. Det er ikkje slik at alle som synes det ville være fint med ferdig tillaga middag, vil få det. Vi må i det enkelte tilfelle vurdere søkaren sin eigen evne til å lage seg variera og sunn mat som sikrar den næringa vi alle har behov for.

Kontaktinformasjon
Kommunehuset
Bøgata 67
Postboks 83
3833  Bø i Telemark
 
postmottak@bo.kommune.no
 
 
Telefon : 35 05 90 00
Faks : 35 05 90 09
Org.nr. : 962 276 172
Skriftstørrelse
a - a - a
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Levert av ACOS AS
Webredaktør Svein Bj. Lerum