Kommuneplan
Alle kommunar skal ha ein kommuneplan. Dette er kommunen sitt overordna styringsdokument som gir rammer for utvikling av bygda og forvaltning av arealressursane. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommunen utarbeidar og vedtek kommuneplanen og denne skal rullerast kvart 4. år.
Les meir om kommuneplanar generelt og sjå gjeldande kommuneplan for Bø her.
Kommunedelplanar
Ein kommunedelplan er ein plan for bestemte areal, tema eller sektorar. Den skal ha ein handlingsdel som oppdaterast årleg og gir grunnlag for prioritering av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgaver. I Bø har vi kommunedelplan for delar av Lifjell, som er ein arealplan, og tematisk plan t.d. for idrett og fysisk aktivitet.
Sjå her for oversikt over kommunedelplanar i Bø kommune.
Reguleringsplanar
Ein reguleringsplan er eit detaljert arealplankart med føresegner for bruk, vern og utforming av areal og omgjevnader. Reguleringsplanar kan utarbeidast både av offentlege og private aktørar, men godkjennast av kommunestyret. Det skal alltid ligge føre reguleringsplan før det vert gitt løyve til større bygge- og anleggsarbeid. Kommuneplanen legg elles føringar for når det er krav om reguleringsplan.
Det finst to typer reguleringsplanar; områderegulering eller detaljregulering.
Ein oversikt over reguleringsplanar i Bø der det er varsla oppstart, planar som ligg ute til offentleg ettersyn og vedtekne planar finn du her.
Bø kommune har rutiner for handsaming av planforslag og krav til planleveransen.