Snarveier til viktige sider
Midt-Telemarksamarbeidet
Samarbeid Nome kommuneBø kommuneSauherad kommuneMidt-Telemarkrådet
Interkommunalt samarbeid
Kultursider
Andre tjenester på nett
Nytt fra NRK Telemark
I løpet av kort tid er fire mc-førere drept i trafikken i Telemark.
Smarte tips til de vanskelig flekkene.
Lav inngangsbillett og små månedlige utgifter for en splitter ny bil kan virke forlokkende for mange unge.
Informasjon Publisert 01.07.2010

Opningstida for sentralbordet og ekspedisjon (kommunehuset og Teknisk eining, Bekkevold) er kl.10.00-14.00 kvar dag.
Telefonliste - klikk her.
Utanom åpningstida kan ein ringe direktenummer til sakshandsamar. Husa er stengde, men det er mogeleg å gjera avtale med sakshandsamar direkte.

Informasjon Publisert 01.09.2010
elin_slaattedalen,_erik_rulnes,_torhild_aakvik.jpg

I haust har Bø Mållag gjeve bokgåver til dei 6 barnehagane i Bø. Dette er gode nynorske barnebøker retta mot små og store barn i barnehagen og ei songbok. Det var stor glede og interesse hos liten og stor for gåva.
Mållaget er oppteken av at barne skal oppleve både nynorsk, bokmål og ulike dialektar i barnehagen og gjerne andre språk i tillegg fordi barnehagen er ein viktig arena for språkstimulering. Gjennom ord blir verda stor.

Informasjon Publisert 01.09.2010
fasadeskisse.jpg

Hovudutval for plan, teknikk og næring vedtok i møte 24.8.10 detaljplan for Solbakken. Planen legg til rette for bygging av omsorgs- og avlastingsbustader nord for Gamleveg.

Informasjon Publisert 01.09.2010
evjudalen.jpg

Hovudutval for plan, teknikk og næring handsama i møte 24.8.10 eit forslag til detaljplan for Evjudalen som legg til rette for rekreasjon, aktivitet og nærfriluftsliv i Evjudalen, samtidig som naturkvalitetane i området vert tatt vare på. Planen er no lagt ut til offentleg ettersyn, og Bø kommune inviterer til folkemøte i Evjudalen 7.sept. kl 17.

Informasjon Publisert 01.09.2010
Bakås, 39/1

Hovudutval for plan, teknikk og næring vedtok i møte 24.08.10 å legge detaljplan for del av Bakås, gnr. 39 bnr. 1 ut til offentleg ettersyn.  Planen legg til rette for 4 nye bustadtomter for eit område på Bakåssida.

Informasjon Publisert 30.08.2010

I veke 35 og 36 vil vår renovatør kjøre ut nye bioposar og plastsekkar til husstandane. Ein rull m/plastsekkar (15 stk.) og to rullar med bioposar  (160 stk.) til kvart abonnement.
Hugs å ta vare på utstyret som normalt skal vare til ut august 2011.
Eventuelle spørsmål i høve utkjøringa kan rettast til vår renovatør på
tlf. 975 63 268.

Med vennleg helsing
TEKNISK EINING

Informasjon Publisert 27.08.2010
arne_homme.jpeg

Arne Homme er på plass som kyrkjeverje i Bø. Han går inn i stillinga etter Håvard Russnes som no er i tilsvarande stilling på Notodden. Håvard har vore kyrkjeverje i 13 år i Bø.
Arne Homme er 56 år, har høgskuleutdanning innan prosjektarbeid, informastikk, pedagogikk, sosiologi og kristendom. Han har erfaring som dagleg leiar av ADT as, IBM og har også erfaring frå undervisning. Arbeidsområdet og aktivitetar for kyrkjeverje finn du på heimesida til bo.kyrkje.no.

Informasjon Publisert 27.08.2010

Oversikt over prosessen i Bø kommune fram til reguleringssak juli 2010.08.
I samband med presseoppslag om ekspresshandsaming av saka som munna ut i dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for å plassere mellombels bustader, har vi laga eit oversyn over dei viktigaste hendingane i prosessen med å etablere dette bustadtilbodet i Bø kommune.

Informasjon Publisert 26.08.2010

Hovudutval for plan, teknikk og næring vedtok i møte 24.8.10 å legge detaljplan for Havrekåsa, tillegg, ut til offentleg ettersyn. Planen legg til rette for to einebustader inntil eksisterande tomter i området.

Informasjon Publisert 25.08.2010

Utdrag av vedtaksprotokoll:   Einingsleiar orienterte om at pressemeldiga frå utbyggarane på Lifjell gjeld reguleringsplanane i område H6, S1-2 og H7 på Lifjell. Hovudinnhaldet gjekk på at sambandsheisen ikkje vil så ferdig i haust. Utvalet såg på dette som brot på føresetnaden i dispensasjonen frå i fjor. Utvalet oppfordra administrasjonen til ikkje å gje nye byggeløyve før saka kjem opp i neste PTN-møte i september. Då dette kun var ei orientering frå administrasjonen, blei det ikkje fatta noko vedtak i saka.    

Det blei ikkje lagt ned noko byggeforbod på Lifjell i gårsdagens møte. I praksis betyr det at om vi får inn ei byggsak i dag må ho etter plan og bygningslova vera ferdigbehandla i løpet av 3 veker. Teknisk eining vil legge fram ei politisk sak til neste PTN møte der det må takast stilling til den vidare utviklinga på Lifjell. Det ligg ingen byggesaker frå dette området på vårt bord i dag.    

For Bø kommune  

Vidar Lofthus einingsleiar

Kontaktinformasjon
Kommunehuset
Bøgata 67
Postboks 83
3833  Bø i Telemark
 
postmottak@bo.kommune.no
 
 
Telefon : 35 05 90 00
Faks : 35 05 90 09
Org.nr. : 962 276 172
Skriftstørrelse
a - a - a
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Levert av ACOS AS
Webredaktør Svein Bj. Lerum