Utdrag av vedtaksprotokoll: Einingsleiar orienterte om at pressemeldiga frå utbyggarane på Lifjell gjeld reguleringsplanane i område H6, S1-2 og H7 på Lifjell. Hovudinnhaldet gjekk på at sambandsheisen ikkje vil så ferdig i haust. Utvalet såg på dette som brot på føresetnaden i dispensasjonen frå i fjor. Utvalet oppfordra administrasjonen til ikkje å gje nye byggeløyve før saka kjem opp i neste PTN-møte i september. Då dette kun var ei orientering frå administrasjonen, blei det ikkje fatta noko vedtak i saka.
Det blei ikkje lagt ned noko byggeforbod på Lifjell i gårsdagens møte. I praksis betyr det at om vi får inn ei byggsak i dag må ho etter plan og bygningslova vera ferdigbehandla i løpet av 3 veker. Teknisk eining vil legge fram ei politisk sak til neste PTN møte der det må takast stilling til den vidare utviklinga på Lifjell. Det ligg ingen byggesaker frå dette området på vårt bord i dag.
For Bø kommune
Vidar Lofthus einingsleiar