|
Snarveier til viktige sider
Interkommunalt samarbeid
|
|
Kultursider
|
|
Andre tjenester på nett
|
|
|
|
|
 Publisert 01.07.2010
Opningstida for sentralbordet og ekspedisjon (kommunehuset og Teknisk eining, Bekkevold) er kl.10.00-14.00 kvar dag. Telefonliste - klikk her. Utanom åpningstida kan ein ringe direktenummer til sakshandsamar. Husa er stengde, men det er mogeleg å gjera avtale med sakshandsamar direkte.
 Publisert 29.07.2010
Det er venta til dels store nedbørmengder i Akershus, Oslo, Østfold, Vestfold, sørlige delar av Hedmark og Oppland, sør-østlige delar av Buskerud og østlige delar av Telemark i perioden frå torsdag 29. til fredag 30. juli. Dette vil føre til raskt økande vannføring i små og middelstore vassdrag. Utarbeidet 29.7.2010 kl. 11.15.
 Publisert 06.07.2010
Direktoratet for naturforvaltning (DN), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) inviterer til fotokonkurranse om vann i ulike former. Fotokonkurransen er et ledd for å få fokus på vann lokalt. Derfor er vi på jakt etter flest mulige bilder av vann, også fra ditt fylke/kommune. Frist for innsending av bilder 25. september og det er pengepremier til de seks beste bildene. Meir info - vannportalen.
 Publisert 06.07.2010
Jfr. tidlegare artikkel om at Oterholt - Eikavegen er stengt i sommar pga av bygging av ny Juvsåbru. Den nye brua under bygging og skal vera klar til skulestart i august. Dette er eit av dei mange trafikksikringstiltak som teknisk eining har jobba med. Det er ein kombinasjon av økonomiske midlar frå Regjeringa si krisepakke i 2009, trafikksikringsmidlar - men det er trass alt kommunens investeringsmidlar som gjorde det mogleg å gjennomføre prosjekta.
 Publisert 06.07.2010
9. august 2010 skal den nye barnehagen i Folkestad takast i bruk og det er stor aktivitet på byggeplassen no om dagen. Sjå berre på desse bileta som viser innspurten i byggearbeidet. Sjøl om det ser ut som ein byggeplass med brakker, maskiner og utstyr - er det liten tvil om at det er ein barnehage som er fint plassert i terrenget, inntil skogen på Folkestad. Det er også kome på plass spennande "skulpturar" som er ein del av det naturlege uteområdet for leik og aktivitet.
 Publisert 01.07.2010
Den offisielle meldinga om at Bø kommune ikkje lenger er på ROBEK-lista har kome. Ved brev av 14.06.2010 har Fylkesmannen i Telemark visa til at Bø kommunestyre i møte 10. mai 2010 har avlagt rekneskap for 2009 slik: "Akkumulert underskudd fra tidligere år på nesten 14,3 mill. kroner er dekt inn i regnskapet for 2009, i tillegg er det avsatt 1 640 727 kroner til disposisjonsfond".
 Publisert 29.06.2010
Bø kommunestyre vedtok i møte 21.6.10 (sak 063/10) reguleringsplan for Langkåskrysset - Rallevegen/ Valenvegen. Formålet med planen er å leggje til rette for omlegging av Rallevegen ved Langkås.
 Publisert 29.06.2010
Bø kommunestyre vedtok 21.6.10 (sak 059/10) reguleringsplan for Hegna skiferbrot. Formålet med planen er å leggje til rette for uttak av skifer og murestein innafor planområdet.
 Publisert 29.06.2010
Hovudutval for plan, teknikk og næring vedtok i møte 16.6.10 (PTN-sak 097/10) ei mindre endring av reguleringsplan for Bø sentrum. Endringa inneber at snuplass i Lektorvegen er flytta frå innerst i Lektorvegen til innkøyringa til ny p-plass for tilsette ved skule, om lag 80 m mot vest.
 Publisert 23.06.2010
Hovudutval for plan, teknikk og næring har vedtatt å leggje reguleringsplan for Solbakken, omsorgs- og avlastingsbustader i Gamleveg, ut til offentleg ettersyn med frist for uttaler 9.8.10.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Kommunehuset
|
|
Bøgata 67
|
|
Postboks 83
|
|
3833
Bø i Telemark
|
 |
|
Telefon
|
:
|
35 05 90 00
|
|
Faks
|
:
|
35 05 90 09
|
|
Org.nr.
|
:
|
962 276 172
|
|
|